mandag, den 5. desember 2011

Komposisjon som forsking

MEDIUM


– Det er eit kunstig skilje mellom kunst og vitskap. Idear frå kunsten kan også koma til nytte i forsking, seier Alexander Refsum Jensenius.


Tekst og foto:Martin Toft, redaktør for Uniforum, Universitetet i Oslo.



El-fiolinistenVictoria Johnson står med bogen spent midt på eit golv dekt med eit kvitt laken. Djupt konsentrert ventar ho på signalet frå komponist Alexander RefsumJensenius.

Når ho får det, byrjar ho å gå sakte frå deteine hjørnet til det andre, og fiolinlydar strøymer ut av høgtalarane, medan ho sjølv spelar over dei igjen.

Når ho rører seg,lagar ho lydane som automatisk blir spelte av. Rørslene hennar blir overvaka av eit videokamera i taket i Levinsalen i Noregs musikkhøgskule.

Videokameraet sender bileta til PC-en tilAlexander Refsum Jensenius, der dei blir omdanna til små prikkar som sender lydar ut i rommet.

Tonane blir ulike etter kvar ho rører seg på det kvite lakenet.

Gjennom det eigenkomponerte, improviserte musikkstykket Transformation vil Refsum Jensenius samla inn data om forholdet mellom rørsle og lyd, som han seinare skal laga eit eige analyseprogram av.
Refsum Jensenius erforskar og musikar ved Universitetet i Oslo (UiO), og samarbeider nært med Noregs musikkhøgskule.

– Komposisjon som forsking


– Eg vil gjerne finna ut kva som er den viktigaste relasjonen mellom lyd og rørsle. På denne måten er komposisjon ein del av forskinga. Og me får både kunstnarlege og vitskaplege resultat av dette, seier han.

Medan Victoria Johnson er kunststipendiat ved Noregs musikkhøgskule (etter at denne artikkelenble skrevet, hadde Johnson sin http://www.bek.no/projects/184-avsluttningskonsert-for-victoria-johnsons-stipendiatprosjekt-elektrisk-fiolin-i-det-digitale-rom?locale=no-NBavslutningskonsert, red.anm.), deltar Refsum Jensenius i det tverrfaglegeforskingsprosjektet music-related actions” (SMA) ved UiO. Laboratoriet dei brukar har namnet fourMs ”Music, Mind, Motion,Machines”.

Det er eit samarbeid mellom Institutt for musikkvitskap og Institutt for informatikk. I fjor fekk laboratoriet tomillionar kroner til vitskapleg utstyr frå Forskingsrådet i tillegg til pengar frå UiO. Det har ført til at prosjektet har fått ein god utstyrspark i lokala i Veglaboratoriet.

– For få gulrøter

Refsum Jensenius er likevel svært oppteken av kor slitsamtdet er å driva forsking på tvers av fag, fakultet og forskingsinstitusjonar.

– Me har klart å få det til, så eg ber ikkje for mi eiga sjuke mor. Men etter mi meining er det for få gulrøter eller insentiv som kan få forskarar til å samarbeida på tvers av fag og fakultetsgrenser ved UiO.

– Og endå vanskelegare blir det når dei, som eg, gjerne vil samarbeida med institusjonar som Noregs musikkhøgskule, meiner Jensenius.

Han viser til at institutta på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har andre søknadsfristar enn institutt på Det humanistiske fakultetet.

– I Forskingsrådet finst det heller ingen program som heiter humaniora/naturvitskap.

– Difor er det vanskeleg å få pengar til dei forskingsprosjekta som ikkje passar inn i desse faste forskingsprogramma, meiner han.

Det forskingsprosjektet han deltar i fekk pengar frå VERDIKT-programmet til Forskingsrådet. Dette programmet rettar seg inn mot IKT-forsking.

Som ung doktorstudent fekk han mange ville ogkreative idear. Ein av dei blei ein del av doktorprosjektet hans.

– Kunst ogforsking møter kvarandre


– Då forska eg på forholdet mellom musikk og danserørsler og laga eit analyseprogram på grunnlag av det. Det starta som eit ”unyttig” prosjekt.

– Etter at eg hadde deltatt på Forskingsrådets festkveld i Oslo konserthus, tok medisinprofessor Terje Sagvolden kontakt med meg fordi han ville bruka det i forskinga si på barn med ADHD.

– I Trondheim brukarforskaren Lars Adde det i forsøka sine for å påvisa symptom på cerebral pareseså tidleg som mogleg. Dette er eit godt døme på at kunst og forsking møter kvarandre og kan få gjensidig nytte av kvarandre, understrekar han.

Denne artikkelen er opprinnelig skrevet for Uniforum.